Valle Airport

Sylvknappen
Technical information

Location 2,1 NM SE Rysstad,
N5901,9 E0733,2
Elevation 770`/ 235 m.
Overhead AD 4000`
Blind Transmission on Valle 123,5 Mhz
FIS Stavanger control 120,65
Oslo control 120,37
Rwy No Dimensions TORA (m) LDA (m)
01 800x 20 600 740
19 Asphalt 770 570

Inn- og utflyging
Baneretning er 19/01 grader (190/10) Rapportere inn overhead 4000 fot. Deretter inn på lang FINALE. Via Langeid eller Helle. Flygingar til og frå Valle flyplass Åraksøyne kan opprette radiosamband på 123.5 MHz.
Innflyging til plassen kan skje via overhead 4000 fot. Posisjon vert å rapportere over radio på 123.5 MHz.
Når skyhøgda ikkje tillet innflyging i 1500 `QFE i henhald til kravet i BSL F til separasjon frå skyer, kan innflyging skje i 1000 `QFE eller så nær opp til denne høgde som mogleg.
Ved innflyging i dalen frå sør, vær obs. på kollisjonsfare i dalsving syd i Langeid. Det vert tilrådd å halde godt til høgre.
Innrapportering på radio kan skje ved AUSTAD KYRKJE og LANGEID frå syd. Frå nord ved RYSSTAD KYRKJE og HELLE.
Posisjon kan rapporterast  over radio på 123.5 MHz.
NB. VED FLYGING NEDE I DALEN TILRÅR EIN FLYGING PÅ HØYRE SIDE PGA KOLLISJONSFARE.

 

Ansvar

Valle flyplass” Åraksøyne”

Kontaktfirma / person         Posisjon

Valle kommune                             Eigar

Sylvknappen AS                           Ansvarleg firma

Olav K. Hovet                              Flyplassjef

Sigurd Langeid                             Stedfortreder 1

Kay Håverstad                             Stedfortreder 2

 

Instruks for Valle flyplass – Åraksøyne

1.     Generelt

1.1.         All flyging på Valle flyplass må skje  i samsvar med denne instruks.

1.2.         Flyplassen er ein landingsplass godkjent til ”IKKJE ALLMENN BRUK”.
All anna flyging må vere klarert på førehand.
Flygaren skal rette seg etter denne instruks samt dei signal og teikn lagt ut eller gjeve for landingsområdet.

1.3.         Det er oppnemnt  ein flyplassjef som er ansvarshavande for bakketenesta i høve til BSL-E 4-1 pkt.1. Han er ansvarleg for at flyplassen er i den stand som vert kravd for den aktuelle bruk. Jfr.BSL-E, pkt. 3,1.
Godkjent vikar  for flyplassjefen har same ansvar og mynde når dei fungerer i staden for flyplassjefen.

1.4.         Når flyging skjer uten at flyplassjefen eller annen ansvarleg er til stade, skal all aktivitet vere godkjent på førehand og skjer på eige ansvar.

1.5.         Om denne instruks ikkje vert overhalde eller det av andre tryggingsårsaker er grunn for det, skal flyplassjefen eller annan ansvarleg stanse flygingane på plassen med umiddelbar verknad.

1.6.         Brot på denne instruks kan føre til start og landingsforbod og/eller innrapportering til Luftfartstilsynet.

1.7.         Instruksen skal være slått opp ved sida av redningsstasjonen.

2.     Bakketeneste

2.1.         Fartøysjefen på luftfartøy som skal starte eller lande, må på førerhand  gjere seg kjent med om plassen er operativ. Dette enten ved sjølvsyn eller gjennom flyplassjefen. Det må ikkje vere hindringar av noko slag når flyplassen er i bruk.

2.2.         Flyplassjefen avgjer når flyplassen p.g.a. forholda på rullebanen skal stengjast heilt eller delvis. Plassen kan stengjast for enkelte typar luftfartøy og/eller aktivitet.

2.3.         Røyking og all bruk av eld er forbode på oppstillingsplassen for fly, samt innafor en avstand av 20 meter frå fly og tankanlegg.

Redningsstasjonen har følgjande utstyr:
2 stk                       12 kg pulverapparat
1 stk                       Førstehjelpsskrin med forbindingssaker,
                               plaster, sterile kompressar, desinfiserande
                               midlar, saks m.m.
1 stk                       Øks
2 stk                       Havarikniv
2 stk                       Store handlykter
2 par                       Hanskar av lær m/høg mansjett
1 stk                       Metallsag
Alt utstyr i redningsstasjonen skal sjekkast minst ein gong i året, inspeksjonslapp med underskrift  og dato frå siste inspeksjon, samt forfall for neste inspeksjon skal vere synleg frå skåpet si utside.

2.4.         Flyplassen kan bare nyttast i henhald til gjeldande godkjenning av Luftfartsverket. Anvendingsområdet og flyplassdata vert å kunngjere  i AFM Norway, AOPA og er tilgjengeleg på Valle kommune si internettsidar (http://www.valle.kommune.no/).

2.5.         Fartøyssjef som skal nytte plassen kan vende seg til flyplassjefen som vil gi naudsynt informasjon.
Informasjon vert også gjeve gjennom AFM Norway og på internett (http://www.valle.kommune.no/).

2.6.         Ved endringar av flyplassen som inneber vesentlege endringar av grunnlaget for godkjenninga av flyplassen, skal flyplassjefen straks melde dette til Luftstilsynet i henhald til BSL-E 4-1, pkt. 5.3.

2.7.         Instruks for flyplassjefen, jfr. BSL-E 4.2, pkt. 5.3.
Flyplassjefen har ansvar for at alle forhold som vedkjem vedlikehaldet av plassen omtala i BSL-E blir utført i henhald til det som til ei kvar tid gjeld i BSL-E. Han har sjølv ansvar for å gjere seg kjent med innhaldet i BSL-E og moglege endringar.

2.8.         Flyplassjefen skal syte for at plassforholda blir kontrollert minst 3 ganger i veka.
Dersom forholda på ferdselsområdet har endra seg, eller det er fare for endring, skal det utførast inspeksjon utover det som er nemnt ovanfor. All inspeksjon skal utførast i henhald til BSL-E 4-1 pkt. 6.7 og BSL-E 4-2 pkt. 7. Jfr. også pkt. 2.1 vedk. fartøyssjefen sitt ansvar.

2.9.         Flyplassen er stengt om vinteren. Berre i heilt spesielle høve vert plassen likevel halden open. Flyplassjefen har ansvar for at flyplassen vert vedlikehalde slik at tryggleiken vert ivareteken. Vinterstenging vert varsla på internettsida. Brøytebredda skal være minst 20 meter og brøytinga skal utførast samanhengande i banens fulle lengde og breidde. Under vær og snøforhold der kontrasten mellom brøyta rullebane og ubrøyta område er dårleg, skal det merkast  med merkekoner eller høvelege kvister med en  avstand på 60 meter mellom kvar.
Vintervedlikehaldet skal ut over dette skje i henhald til BSL-E 4-2 pkt. 9.1.1, 9.4.2.1. og 9.7.2.

2.10.     Flyplassjefen skal sørgje for at stengt og ubrukbar rullebane vert merket med godkjende bakkesignal. Desse vert å plassere i båe endar av rullebane eller del av rullebane som er stengt. Det må ikkje være meir enn 300 meter mellom signala, eventuelt kan fleire signal leggjast ut. Det skal til ei kvar tid være minst 2 godkjende bakkesignal i korrekt form, dimensjon og farge på flyplassen. Desse er oppbevart  i hangarbygg.
Ubrukbare områder vert å merke straks med merkekoner av godkjent type. Merkinga vert å utføre på ein slik måte at området si utstrekning går tydeleg fram. Jfr. også BSL-E 4-2 pkt. 10.3.1. og 10.3.2.

3.      Havariplan.
Valle flyplass, Åraksøyne er en flyplass til ikkje allmenn bruk, og flyplassen har ikkje fast tilsett bemanning. Flyplassen kan derfor ikkje garantere å stille med mannskap til ei kvar tid. Valle kommune har utarbeida katastrofeplan og lensmannen i Valle rår over det totale beredskapsapparatet i kommunen. Valle flyplass Åraksøyne vil stå til politiet sin disposisjon når det blir kravd. Flyplassjefen/leiar for plassvedlikehald med dei mannskaper det er mogleg å stille, skal stå til politiet sin disposisjon og utføre dei tenester som skal til for å sikre at flyplassen kan nyttast ved eventuelle redningsaksjonar i samband med luftfartsulykker.
Ved havari i flyplassområdet eller umiddelbar nærleik kan varsling skje ved telefon frå Besteland, 150 meter frå nordre del av flystripa. Det er også telefon i flytårnet.
Ved å ringe nødnummer blir alarmsentralen automatisk varslet som i høve til godkjende rutiner vil varsle brannmannskap, ambulanseteneste og politi.
Redningsstasjon med sløkkemidler og godkjent utstyr er plassert ved vestre inngangsdør. Den kommunale brannsjefen er ansvarleg for brannteknisk kontroll av flyplassen sine anlegg samt leiing av sløkkearbeid også om det har direkte tilknyting til brann i luftfartøy.

4.      Tilgjenge og ferdsle
Når flyplassen er operativ dvs. ikkje avstengt med kryss på banen skal fartøysjefen forvisse seg om at det ikkje er kollisjonsfare.
Når flyging pågår, skal fartøysjefen sjå til  at uvedkomande ikkje får tilgjenge til rullebanen og parkeringsområder for fly.
Til flyplassen har bare nødvendige fly og bakkemannskap tilgang. Fly må berre parkere på den parkeringsplass som er opparbeida ved hangarbygningen. Biler, traktorer og anna reiskap må ikkje parkere på rullebanen eller parkeringsområdet for fly.
Takseveg til flystripa skal være stengd med bom som bare er open når flyplassen er bemanna. I tillegg er det plassert betongelement langs takseveg, hangar og tårn for å hindre dyr og uvedkomande tilkomst til flyområdet. Flyplassjefen skal sjå til at bom, gjerde, skilting og eventuelle andre hindre for at dyr og  uvedkommande er i god stand.
Flystripa vert i enkelte høve nytta til andre føremål så som dragracing med bil og motorsykkel eller som parkeringsplass. Ved slike høve skal flyplassen vere stengt og merka på riktig måte. I den grad betongelement og andre hinder vert nytta ved slike høve, må desse vere fjerna før flyplassen igjen vert opna. Terminliste for aktivitetar som fører til stenging av flyplassen vil frå 01.01.01 vere tilgjengeleg på internett. (WWW.valle.kommune.no)

 

5.      Inn- og utflyging
Baneretning er 19/01 grader (190/10) Rapportere inn overhead 4000 fot. Deretter inn på lang FINALE. Via Langeid eller Helle. Flygingar til og frå Valle flyplass Åraksøyne kan opprette radiosamband på 123.5 MHz.
Innflyging til plassen kan skje via overhead 4000 fot. Posisjon vert å rapportere over radio på 123.5 MHz.
Når skyhøgda ikkje tillet innflyging i 1500 `QFE i henhald til kravet i BSL F til separasjon frå skyer, kan innflyging skje i 1000 `QFE eller så nær opp til denne høgde som mogleg.
Ved innflyging i dalen frå sør, vær obs. på kollisjonsfare i dalsving syd i Langeid. Det vert tilrådd å halde godt til høgre.
Innrapportering på radio kan skje ved AUSTAD KYRKJE og LANGEID frå syd. Frå nord ved RYSSTAD KYRKJE og HELLE.
Posisjon kan rapporterast  over radio på 123.5 MHz.
NB. VED FLYGING NEDE I DALEN TILRÅR EIN FLYGING PÅ HØYRE SIDE PGA KOLLISJONSFARE.

6.     Hinder.
Høgder er merka av på landingskart. Merk spesielt sideflate vest vert gjennomtrengt av fjellet ”Kistefjell” med bratt skrent. Terskel og baneende mot nord er trekt inn 200 meter på grunn av skog.

7.      Flyplassdata
Tryggingsområder:

Sideflater på 20meter på kvar side av asfaltbanen består av grus eller gras. Taksebanen har breidde på 5meter med overflate av asfalt. Oppstillingsplattform vest for taksebanen, mot flystripe med overflate av grus/gras.

Merking.

Banen er merka med gul maling. Midtstripe langs heile banen og endemerking i båe ender.